top of page

OM

 

Herøy Sogelag vart skipa i 1936. Vi har omlag 650 medlemmar.  Sogelaget har til oppgåve å ta vare på folkeminne, segner og anna tradisjonsstoff ved å få det nedskrive, eller gjere lydopptak med folk som kan fortelje. Likeeins samlar vi inn og tek vare på dagbøker, brev, bilete og anna av historisk verdi, og er pådrivarar for formidling av lokalkunnskap gjennom bygdevandringar. Vi publiserer kvart år tidsskriftet Folk og Fortid, og gir også ut Herøykalendaren der alle bygdelaga i Herøy er representerte med gamle bilete. Sogelaget er også utgjevar av Herøybøkene.

​

​

​

   Herøybøkene

HEIMAR OG FOLK
17634457_259994021132228_763513218935992

Praktverket Heimar og Folk er nye og oppdaterte utgåver av dei gamle  Herøybøkene, der innsamlinga av stoff vart avslutta tidleg på seksti-talet.  Desse har vore ute av handelen i mange år, og behovet for nye bøker pressa seg fram. Bøkene er populære gåver både for dei som bur lokalt, og ikkje minst for dei mange utflytta Herøyværingane. 

bottom of page