Herøyboka – Heimar og Folk  (status per 01.03.2011):

To band av dei nye Herøybøkene er no i sal, og band 3 er under arbeid. Dette bandet dekkjer heile Nerlandsøya og Skorpa samt Fosnavåg utafor Skaret. Band 4 dekkjer resten av Fosnavåg by/Bergsøya. Erfaringar frå andre kommunar syner at sentrumsområda utgjer ei særleg utfordring pga. meir inn- og utflytting og meir omfattande og til dels annleis busetjing. Difor treng vi ekstra god hjelp frå dei som bur/har budd i dette området (Fosnavåg by/Bergsøya).


Spørjeskjema

For å få bøkene så korrekte som råd, treng vi opplysningar frå dei som bur her. Vi har tidlegare (2006/2007) delt ut skjema til alle husstandane. For bygdene har svarprosenten vore god (ca 80%), medan den for Fosnavåg by/Bergsøya berre er på ca 50%. No håper vi at mange fleire frå sentrumsområda vil sende inn skjema!

Skjema finn du på heimesida til Herøy Sogelag www.heroysogelag.no  under arkiv/dokument i menyen til venstre. Elles kan ein få skjema på Servicetorget, Herøy Rådhus eller ved å kontakte Asbjørn Almestad eller Per-Ståle Moltu. For det som skal med i band 3, må vi setje frist for innsending av skjema til 31. mars 2011. Send opplysningane på e-post til p-smoltu@online.no eller per post til Per-Ståle Moltu, 6076 Moltustranda.

Dei som bur i områda som vert dekt av band 4, kan få litt lengre frist, men vi vil oppmode folk om å sende inn skjema før sommaren. Det er til stor hjelp for oss, og så slepp vi å mase om dette seinare. Vi er heilt avhengige av hjelp frå dykk om opplysningane skal verte så korrekte som råd.


Vidare framover

Etter at opplysningane er registrerte og ordna, vil vi sende utskrift av manus til alle husstandane som skal med i band 3 (for det som gjeld deira bustad). Dette vert truleg gjort i mai. Her kan ein kontrollere kva som er skrive og kome med tillegg og rettingar. Heile manuset til band 3 vert lagt ut til gjennomsyn på Herøy folkebibliotek. Her kan du sjå over opplysningar om du har budd andre stader enn der du bur no. Det er også fint om du vil kontrollere opplysningane om slektningar og grannar, i alle høve der du veit at det ikkje bur folk på staden som kan gje informasjon.

Vi har framleis håp om å få band 3 klart til jul i år, men dette ser vanskeleg ut. I staden håper vi at både band 3 og 4 kan kome i 2012.


Register

Mange har sakna register til dei to banda som er komne ut. Registra er no klare, og ein finn dei på www.heroysogelag.no 

På framsida her er det kopling til desse to registra. Dersom ein vil skrive dei ut, er det betre å gå til Arkiv/dokument i menyen til venstre. Her er dokument som kan lastast ned og skrivast ut. Registra er svært omfattande – også barna er med.


Bilde

Bildenemnd for band 3 er no klar, og det vert bildemøte for Kvalsvik og Nerlandsøy krinsar samt for Fosnavåg i tida framover mot påske. Annonser om dette kjem seinare. Vi vil oppmode folk om å kome med bilde som vi skannar/avfotograferar på desse møta. Slik vert bilda dine også sikra for ettertida.

Det er viktig med god informasjon om bilda: Namn på personar, kva stad og kva tid dei er tekne m.m. Er det bygningar på bilda, er det fint om også desse vert sett namn på. Om ein veit kven som har vore fotograf, må også dette kome med. Vi ynskjer mange slags bilde, men særleg frå arbeids- og organisasjonslivet. Bilde av gardar, hus og bygningar, industri og transportmiddel er også av stor interesse. Skulebilde og bilde av møtestadar vil også vere viktige.

I tillegg til bilda vi får inn, kjem vi også til å bruke Widerøe sine flyfoto – dei fleste frå 1963. Herøy Sogelag er også så heldige at vi har tilgang til store delar av fotograf Furmyr sitt rikhaldige arkiv.


Medhjelparar

Herøy Sogelag vil rette ei stor takk til alle medhjelparar og grendekontaktar for band 1 og 2! Vi er heilt avhengige av å ha lokalkjende folk til å hjelpe oss med arbeidet. Medhjelparane for band 3 har ei tid vore i sving, og dei må nok rekne med vidare arbeid utover i 2011. Dei som skal hjelpe til med band 4 vil verte kontakta i løpet av våren. Om det er fleire som vil hjelpe til, kan ein kontakte Johan Moltu eller Per-Ståle Moltu. Vi tek mot all hjelp med takk!



For Herøy Sogelag

Per-Ståle Moltu