Herøy sogelag har til oppgåve å ta vare på folkeminne, segner og anna tradisjonsstoff ved å få det nedskrive eller gjere opptak med folk som kan fortelje om slike ting, og likeeins ta vare på dagbøker, brev, bilete og anna av historisk verdi.


Herøy sogelag vart stifta i 1936, og alt året etter kom første sogeskriftet til laget. Dei seks første hefta kom ut under namnet "Tidsskrift for Herøy Sogelag". Frå og med 1960-skriftet vart namnet endra til "Folk og Fortid" og med undertittelen "Tidsskrift for Herøy Sogelag". Fram til 1972 kunne det gå fleire år mellom kvar gong heftet kom ut, men frå og med dette året (1972) har "Folk og Fortid" kome ut kvart år.


Dei eldste sogeskrifta har seinare vorte trykte som faksimile i "Folk og Fortid": 1937-skriftet i 1995-utgåva, 1939-skriftet i 1997, 1942-skriftet i 1998 og 1945-skriftet i 2000. Det er også meininga at dei to andre skrifta av som kom ut under namnet "Tidsskrift for Herøy Sogelag", skal trykkast opp att i komande utgåver av "Folk og Fortid".