Lov for sogelaget


§ 1 Formål 


  1. Herøy sogelag har til oppgåve å ta vare på folkeminne, segner og anna tradisjonsstoff ved å få det nedskrive eller gjere lydopptak med folk som kan fortelje om slike ting, og likeeins samle inn og ta vare på dagbøker, brev, bilete og anna av historisk verdi.

  1. Sogelaget skal, så sant det let seg gjere, årleg gje ut eit tidsskrift med eit innhald som er, eller kan verte, av lokalhistorisk verdi.

  1. Laget er også museumslag, og skal fremje og støtte tiltak for Herøy kystmuseum 

§ 2 Medlemskap


  1. Laget har to medlemskategoriar: einskildmedlem og familiemedlem. I tillegg til einskildmedlem kan kvar husstand ha inntil to familiemedlemmer som tilsaman betalar kr. 50,- i tillegg til medlemskontingenten for einskildmedlemen. Begge medlemskategoriane har same rettar. Kvar husstand får tilsendt eitt eksemplar av Folk og Fortid.

§ 3 Målform


  1. I det skriftlege administrative arebeidet i sogelaget, er målforma nynorsk. 

§ 4 Styret


  1. Herøy sogelag skal ha eit styre på 6 medlemer. Ein av desse, med personleg varamedlem, skal vere kommunevald. For dei 5 sogelagsvalde medlemene, skal det vere 3 nummererte varamedlemmer. Leiaren i Herøy kystmuseum skal få innkalling og har møte- og talerett i alle styremøte. Nestleiar og sekretær vel styret seg i mellom. Styret engasjerer også regnskapsførar.

  1. Styret er vedtaksført når 3 av dei faste medlemene er til stades. Ved like røystetal, tel leiaren si røyst dobbelt.

  1. Styret skal legge fram sakliste, årsmeldng og revidert rekneskap, arbeidsplan og budsjettframlegg for komande året, og førebu andre saker for årsmøtet.

  1. Innkalling til årsmøte skal gjerast gjennom lokalbladet eller ved brev seinast 2 veker før årsmøtedagen. Saker som medlemene øsnkjer å ta opp på årsmøte, må vere styreleiaren i hende seinast 1. februar.

  1. Funksjonstida for årsmøtevalde styremedlemer, leiaren medrekna, skal maksimalt vere 8 år samanhengande. For varamedlemer gjeld inga tidsavgrensing 

§ 5 Årsmøtet


  1. Det skal haldast årsmøte kvart år innan utgangen av mars månad.

  1. Røysterett på årsmøtet har alle frammøtte einskildmedlemer og familiemedlemer i Herøy sogelag

  1. Årsmøte skal
  1. velje ordstyrar og sekretær
  2. godkjenne sakliste, årsmelding og rekneskap
  3. velje leiar for 1 år om gongen, 4 styremedlemer for 2 år om gongen - slik at 2 står på        val det eine året og 2 det andre året - og 3 nummererte varamedlemer for 1 år om        gongen
  4. velje 2 revisorar
  5. velje valnemnd for neste årsmøte, 3 medlemer og 1 varamedlem
  6. gjere vedtak i lovsaker og andre saker som er sette opp til årsmøtet
  7. fastsette medlemskontingenten

  1. Sogeskriftet "Folk og Fortid" er inkludert i medlemskontingenten (jfr. §2), og medlemmene får tidsskriftet fritt tilsendt.

  1. Vedtak på årsmøtet vert gjort med vanleg fleirtal av dei frammøtte medlemene. Men saker som gjeld lovendring, krev 2/3 feirtal.

  1. Ekstraordinært årsmøte kan tillysast med varsel som for vanleg årsmøte dersom eit fleirtal av styret finn det naudsynt, eller minst 10 medlemer set fram grunngjeve krav om det.

§ 6 Eigedom


Bøker og anna eigedom som laget har, må lagrast på forsvarleg måte. Pengar skal setjast i bank eller på postgiro etterkvart som dei kjem inn.


§ 7 Oppløysing


Skulle Herøy sogelag verte oppløyst, skal pengar, arkivsaker og annan eigedom overlatast til Herøy kystmuséum eller til den institusjonen som i tilfelle tek hand om muséet sine oppgåver.


Oppløysing av laget må, for å vere gyldig, vedtakast med 2/3 fleirtal av dei frammøtte medlemene på 2 etter kvarandre påfølgjande årsmøte, og minst 10% av dei røysteføre medlemene må vere til stades.


Lova er vedteken på årsmøtet 6. april 1995, med tillegg av ny § 2 Medlemskap og endring av 2. lekken i § 5 på årsmøtet 23. april 1998.