STATUS FOR ARBEIDET MED HEIMAR OG FOLK

Første bandet femner om krinsane Runde, Remøy, Bø, Frøystad og Leine, og ein rakk å få det ut like før jul i 2009.


Andre bandet (om Indre Herøy) vert lagt ut for sal før jul i 2010, og vonleg vil band 3 (Nerlandsøya og Fosnavåg sentrum) vere klar til julehandelen i 2011.




HERØYKALENDEREN

2011-utgåva er nummer 7 i rekka av Herøykalendrar, og oppbygginga er den same som i føregåande år:  Dei 12 månadsesidene er illustrerte med eldre svart/kvitt-bilde frå dei 12 tidlegare skulekrinsane i kommunen.  Det vekslar mellom landskap, personbilde og båtbilde.


På siste sida er der samla ni bilde i mindre format, og her er det i hovudsak personbilde, og dei fleste er frå byrjinga av 1900-talet. Unntaksvis er der også bilde av ting, arbeidsreiskap og liknande.


I løpet av dei siste 7 åra har sogelaget på denne måten presentert om lag 150 lokalhistoriske bilde frå arkivet sitt, og saman med bildestoff som vert tilgjengeleg i samband med arbeidet med Heimar og Folk vil der vere mykje interessant å ta av også i komande år.


For laget har det vore heilt avgjerande at elevane på barnesteget vil og får høve til å hjelpe til med salet av kalenderen, og inntektene som kjem inn på denne måten er viktige for arbeidet med Heimar og Folk.


NY UTGÅVE AV HERØYBÅTAR I HUNDRE ÅR?

Bjarne Rabben si båtbok om dekka farty har vore utseld i mange år, og sogelaget har blitt oppmoda om å trykke nytt opplag.


Dette kan la seg gjere, men sogelaget vil i så fall ta seg den tid at feil vert oppretta, og at nye fiskebåtar som har vorte bygde i tida etter den første utgjevinga også kjem med.  Vi står framleis midt oppe i arbeidet med Heimar og Folk, men så snart kapasiteten tilseier det, vil arbeidet med båtboka bli vurdert.