Herøy sogelag har eit overordna ansvar for det årlege Herøystemnet, og dette er i grunnen det einaste faste arrangementet på Herøy som sogelaget har ei hand med i. Rett nok er Herøy sogelag ein slags medeigar i den flotte Rabbensamlinga (bøker og historisk kjeldematerial m.m), men det blir vel mest korrekt å sjå på dette som ein naturleg del av Herøy kystmuseum.


Tidlegare hadde styret ansvar for å skaffe festtalar til Herøystemnet, og for å nemne ut medlemmer til stemnekomiteen. Komiteen tok seg så av det praktiske arrangementet, -bortsett frå servering, som har vore Herøy kystmuseum sitt ansvar. Siste par åra har styret stått for det meste – både for planlegginga og for det praktiske med sjølve arrangementet. Stemnet har dei siste åra vore samordna med kulturminnedagen, og tematisk har innhaldet naturleg nok vore prega av det. Nå er det teikn som tyder på at lokalmiljøet/regionen kanskje nærmar seg eit metningspunkt med omsyn til publikumsretta tilskipingar på Herøy. Tidlegare kunne der kome meir enn tusen menneske til Herøystemnet, og variasjonane frå år til anna hadde nok mest med godt eller dårleg vér å gjere.


Både i 2001 og 2002 var ein heldige med veret, men likevel kom det ikkje meir enn knapt 200 menneske innom i løpet av dagen. I 2003 var veret ikkje det aller beste, så heile stemnet vart avvikla innandørs. Under 100 personar var frammøtte. Desse åra var stemnet lagt til kulturminnedagen i september.


Herøystemnet 2004 var noko heilt spesielt. Høgdepunktet var avduking av Bjarne Rabben-bysta. Fylkesdirektør Arvid Blindheim heldt talen, og Johan H. Grimstad song. Anna Rabben (enkja etter Bjarne) sytte sjølv for avdukinga, og gjorde denne delen av stemnet til ei uvanleg gripande og vakker høgtidsstund. Talet på frammøtte var noko betre enn dei siste åra, men likevel ikkje så høgt ein skulle ynskje. I 2005 kom feiringa av unionsoppløysinga i byrjinga av juni, så det ordinære Herøystemnet gjekk ut. I staden var sogelaget ein av medarrangørane i den store markeringa som Herøy kommune stod for. Vi hadde m.a. fotoutstilling på Herøy Kulturhus og i sjøbua på Herøy gard. Dei fleste av bileta var frå 1900-1910. Av veromsyn m.m. har no sogelaget valt å legge framtidige Herøystemne til byrjinga av juni.


Herøystemnet 2005

Styret vedtok å sløyfe sjølve Herøystemnet i 2005. I hovudsak på grunn av von om betre vér tidleg på sommaren i høve til midten av september, vart det også vedteke at framtidige Herøystemne skal leggast til byrjinga av juni.

Den eigentlege grunnen til avlysinga av Herøystemnet i 2005 var markeringa av 100-årsjubileet for unionsoppløysinga (kombinert med 60-årsmarkering av krigsslutt i 1945).

Leiaren av sogelaget var medlem av jubileumskomitéen, og sogelaget skaffa festtalar til jubileumsfesten og bidrog saman med Herøy kunstlag til ei flott fotoutstilling.


Herøystemnet  2006

Herøystemnet 2006 vart halde 2.pinsedag (5.juni). Det var kjøleg vind under gudstenesta på Kyrkjeberget, men det vart lunt og fint på gardstunet utover ettermiddagen.

Jarl Grimstad var stemneleiar, Arne Grimstad heldt talen, Torny Torvholm las dikt, Runde blandakor song, og det var korpsmusikk v/ Nerlandsøy og Kvalsvik skulekorps.

Eit par hundre menneske var med på stemnet, matsalet var godt organisert, og  sogelaget fekk eit lite overskot på tilskipinga.


Herøystemnet 2007

Herøystemnet 2007 vart halde 28.mai (2. pinsedag). Det var kjøleg vind under gudstenesta på Kyrkjeberget, men på gardstunet vart det ganske fint utover ettermiddagen. Det vart selt i underkant av 200 inngangsbillettar, Steinar Åheim var stemneleiar, og Ole M. Ellefsen var ein spirituell og fengande stemnetalar. Bergsøy blandakor song, og Nina Bøe og Marit Moltu hadde fine innslag med deklamasjon og song. Matsalet var svært godt organisert, og alt i alt fekk sogelaget eit lite overskot på tilkipinga.


Herøystemnet 2008

Herøystemnet 2008 vart halde søndag 1.juni, og i år klaffa det bra med vêret.

Olga Støylen Runde heldt stemnetalen, og temaet var biskop Bernt Støylen, som ho nett hadde skrive ein fyldig og god biografi om. Haldor Frøystad var stemneleiar, Nasko Nikolaev sytte for tonefølgje til allsongane og Sebastian Frøystad underheldt med musikkinnslag på piano. Jarl Grimstad fortalde nokre av historiene sine, og der var korsong. Det var songarstemne i Ørsta denne helga, og som mange gongar før var det Runde blandakor som stilte opp og  gledde dei frammøtte med vakker korsong også på dette Herøystemnet. Sjølv om vêret var lagleg, var det ikkje det store frammøtet.

Men velorganisert og godt matsal gjorde at det til slutt vart eit lite overskot også denne gongen.


Herøystemnet 2009

Herøystemnet 2009 vart halde søndag 7.juni. Sola skein, men det bles kjøleg nordavind under gudstenesta der prest Sven Olav Nilsen forretta.

Denne gongen var det ikkje tonefølgje til salmane, men kantor Terje Tjervåg var stø og sikker forsongar.

På sjølve stemnet var Idar Tarberg programleiar. Eit populært innslag var tildelinga av ”Drømmestipendiet” på 10000 kroner og diplom til spelemannslaget Havella.

Leiar Gro Dalen frå kulturskulerådet i Møre og Romsdal gav mykje ros til Andrine Kopperstad for hennar store innsats for folkemusikktradisjonane.

Ordførar Arnulf Goksøyr stod for overekkinga av sjekk og diplom, og Havella kvitterte  med både springar og reinlendar.

Elles var det krefter frå Runde som stod for resten av programmet.

Som så mange gongar før var  Runde blandakor stemnekor. Rolf Huus var stemnetalar, og han lét tankane vandre gjennom årstider, århundre og årtusen på Herøy. Interessant og tankevekkjande!

Odd Goksøyr stod saman med gitaristen Tormod Engen for eit vellukka humoristisk  innslag.

Denne gongen vart det også eit brukbart overskot frå matservering og billettinntekter (Om lag 9000 kroner).