På årsmøtet 5.april 2000 vart det sett ned ein eigen aktivitetskomité for ein prøveperiode på to år. Komitéen fekk følgjande mandat: Arrangere foredrag med historisk innhald(sogekveldar), turar til historiske stader og kurs i historiske emne, slektsgransking m.v.


Dette har fungert svært godt, og kommiteen har laga til fleire interessante og koselege tilskipingar.


Desse er med i aktivitetskomiteen for sogelaget for 2004-2006:

Rolf Huus, 6096 Runde, tlf. 70 08 58 36, e-post: rhuus@online.no

Ole Arild Bø, 6090 Fosnavåg, tlf. 70 08 92 29

Torny Torvholm, 6076 Moldtustranda, tlf. 70 08 51 18


Komiteen vil legge fram ein meir detaljert rapport til årsmøtet i 2006 om dei aktivitetane dei har hatt dei to siste åra. Dei har fått til fleire kjekke og interessante samlingar og gjort ein svært god jobb.


KULTURMINNEDAGEN:

Dei siste åra har Herøystemnet vore lagt til kulturminnedagen i september, men av véromsyn har styret valt å legge framtidige Herøystemne til byrjinga av juni månad. Sogelaget ønskjer likevel å halde fram med ei markering av kulturminnedagen i september, - ikkje som storstilt opplegg utandørs, men heller som ei meir avgrensa tilskiping innadørs, slik Aktivitetskomitéen sine opplegg har vore.


Aktivitetskomiteen har drøfta saka, og der var det semje om at dei kunne ta på seg ansvaret for markeringa av kulturminnedagen og ha dette som ei av sine faste oppgåver i åra som kjem. Markeringa for 2005 er lagt til tysdag 13.september. Tema for dagen er "Frå slegge til mus.." - med andre ord den teknologiske utviklinga. Aktivitetskomiteen har valt å sjå nærare på utviklinga av presentasjon av det trykte ord: Avisrevolusjonen.